R4
Rom for trivsel
Felles for desse rekkehusa er gjennomgående gode kvalitetar, moderne løysingar og smakfull innreiing. Alle bustadene har to etasjar, open kjøkken- og stoveløysing og terrasse på bakkeplan. Bygget er vinkla slik at terrassane vert så usjenert som mogleg, og terrassane er på ca 14 m² .Det er store vindaugsflater i front av kvar leilegheit, som både gir flott utsikt og gode lysforhold.
Bustadene har to bad, tre soverom, loftstove og moglegheit for eit ekstra soverom i fyrste etasje. Alle bustadene har også integrert carport i bustaden, der du kan gå tørrskodd frå bilen og inn hovuddøra.
Bustadene har balansert ventilasjon med varmegjenvinning og vassboren varme i entré, stove, kjøkken, bad og våtrom. Dette gjev ei miljøbesparande, rimeleg og effektiv oppvarming. Det vert listefritt mellom tak og gipsvegg, og kvitmalte golvlister langs golvet.
Uteområdet og fellesareala vil bli opparbeida iht. utomhusplanen. Det kan bl.a. nemnast at det vert ferdigplen og beplanting på fellesområdet.
Me gjer oppmerksam på at bileta er illustrasjonsbilete. Me visar til prospekt med leveransebeskriving for detaljar kring leveransen.
Fasiliteter
Her får du:
• Storslått utsikt og gode solforhold
• God planløysing
• Eigen utvendig sportsbod på ca 5 m², samt carport
• Kvitevarer inkludert
• Fastpris og ingen stressande bodrunde
• Låge omkostnader
• Burettslag med fellesgjeld
• Vassboren varme i entré, stove, kjøken, bad og toalettrom.
• Sentral plassering